3.8. Selektiv gaussisk sløring

3.8.1. Oversyn

Figur 17.24. Verknaden av filteret «Selektiv gaussisk sløring»

Verknaden av filteret «Selektiv gaussisk sløring»

Originalbiletet

Verknaden av filteret «Selektiv gaussisk sløring»

Biletet er sløra


I motsetnad til andre filter, påverkar dette filteret ikkje alle pikslane. Bare dei nærliggande pikslane som avvik frå den målte pikselen med ein deltaverdi mindre enn den som er sett i dialogvindauget vert påverka. Dermed vert for eksempel kontrastar bevart. Filteret vert mest brukt for å sløre bakgrunnen for å framheva forgrunnen. Dette kan med ein enkelt operasjon gi ei kjensle av djupn i biletet.

3.8.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen under Filter → Sløring → Selektiv gaussisk sløring ….

3.8.3. Innstillingar

Figur 17.25. Innstillingane for filteret «Selektiv gaussisk sløring«

Innstillingane for filteret «Selektiv gaussisk sløring«

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Tilleggsinngang

Viss det er eit anna bilete på skjermen, kan du bruka dette som tilleggsinngang.

Sløringsradius

Her bestemmer du kor mykje biletet skal slørast, i pikslar.

Maks. delta

Maksimal delta set den største skilnaden (0,0 - 1,0) mellom pikselen som skal slørast og dei omliggjande pikslane. Er skilnaden i verdiane større enn deltaverdien, vert det inga sløring.