3.5. Gjennomsnittleg kurvatursløring

3.5.1. Oversyn

Regulerer geometrien med ein fart som er proporsjonal med den lokale gjennomsnittlege krummingsverdien: dette filteret brukar middelkrummingsalgoritmen for å sløra biletbevarande kantar.

Middelkrummingsalgoritmen er forklart i Wikipedia.

3.5.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen under Filter → Sløring → Gjennomsnittleg kurvatursløring ….

3.5.3. Innstillingar

Figur 17.16. Innstillingane for filteret «Gjennomsnittleg kurvatursløring«

Innstillingane for filteret «Gjennomsnittleg kurvatursløring«

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Gjentakingar

Fleire gjentakingar aukar sløringa.

3.5.4. Eksempel

Det opphavlege biletet

Gjentaking = 4

Gjennomsnittleg kurvatursløring kan brukast for å redusera støy i eit bilete:

Figur 17.17. Gjennomsnittleg kurvatursløring for å redusera støy

Gjennomsnittleg kurvatursløring for å redusera støy

Det opphavlege biletet

Gjennomsnittleg kurvatursløring for å redusera støy

Gjentaking = 9