6.36. Innstillingar for rutenettet …

Kommandoen innstillingar for rutenettet vert brukt for å bestemma eigenskapane for rutenettet du kan leggja over biletet medan du arbeider på det. GIMP har berre kartesiske rutenett. Du kan velja farge for nettlinjene, avstanden mellom linjene og forskyving i høve til biletet for både vassrette og loddrette linjer uavhengig av kvarandre. Du kan velja mellom fem ulike rutemønster.

6.36.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via Bilete → Innstillingar for rutenettet ….

6.36.2. Beskriving av dialogvindauget «Innstillingar for rutenettet»

Figur 16.85. Dialogvindauget «Innstillingar for rutenettet»

Dialogvindauget «Innstillingar for rutenettet»

Utsjånad

Du brukar dette dialogvindauget for å bestemma utsjånaden på det rutenettet som kjem fram når du slår på rutenettet.

Linjestil
Kryss (prikkar)

Dette er den minst iaugnefallande stilen, med ein liten prikk i kvart krysningspunkt.

Kryss (trådkors)

Dette er normalstilen, og syner eit lite kryss i kvart av krysningspunkta.

Stipla

Denne stilen viser stipla linjer. Dersom desse linjene er svært nære kvarandre, kan det verta vanskeleg å bruka rutenettet.

Dobbeltstipla

Denne stilen viser stipla linjer der fargen på linjene vekslar mellom forgrunnsfargen og bakgrunnsfargen annakvar gong.

Heiltrukke

Denne stilen viser heiltrukne linjer i forgrunnsfargen.

For- og bakgrunnsfarge

Klikk på fargeruta for å velja ein ny farge for rutenettet.

Mellomrom

Vassrett, Loddrett

Du bestemmer her cellestorleiken for nettet, dvs. avstanden mellom linjene, i den måleeininga du ønskjer.

Forskyving

Vassrett, Loddrett

Du bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i forhold til biletet. Koordinata har, som vanleg, utgangspunkt i øvre, venstre hjørne (0,0).