8.55. Farg inn biletet

Innfargingsfilteret omformar det gjeldande laget eller utvalet til eit gråtonebilete sett gjennom farga glas. Du kan bruka det for å gje biletet ein «sepiaeffekt». Sjå Fargemodell for kulør, metniong og lysverdi.

8.55.1. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via Fargar → Fargelegg ….

8.55.2. Innstillingar

Figur 16.229. Dialogvindauget for fargeleggjingsfilteret

Dialogvindauget for fargeleggjingsfilteret

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Kulør

Du kan bruka glidebrytaren eller talboksen for å setja ein kulørverdi mellom 0,0 og 1,0.

Metning

Du kan bruka glidebrytaren eller talboksen for å setja ein metningsverdi mellom 0,0 og 1,0.

Lysverdi

Du kan bruka glidebrytaren eller talboksen for å setja ein lysverdi mellom -1,0 (mørk) og +1,0 (lys).

Farge

Ved å bruka fargeknappen eller fargeplukkaren kan du raskt velja farge for å fargeleggja biletet. Vel du ein farge her, vert glidebrytaren over justert automatisk.

Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».